|
Hans Rotmo - Bønder i
solnedgang

Norske Gram 5293592 (CD) - 2000
bilder: front -
back
01.
Min barndoms dal
02. Den trygdenarkomane
03. Barnehagen
04. Når bonden har det vondt
05. Slurpas drøm
06. Fjellturn
07. Høghæla bydam
08. Faunakriminalitet
09. Sprettens barnerom
10. Digerhalsen ska på fest
11. Moder jord er sprøytenarkoman
12. Himmelveien
13. Endetarmen
Omtale
Bønder i solnedgang
"I dette skodespelet vil Rotmo ta eit oppgjer med det han kallar
bondekanibalisme og statleg seigpining. -Bøndene som driv i dag
har allereie ete opp dei små. Dei har vore sigerherrane i
jordbruksoppgjeret. Men no byrjar kannibalen å få vondt i magen.
Dei med mellomstore og store bruk byrjar å få problem. Men kvar
skal dei hente solidariteten frå når dei har glefsa i seg det
dei fekk tak i for nokre år sidan?, spør han. Og
landbrukspolitikken går sin gong. Kvar dag bestemmer seks
gardbrukarar seg for å gje opp. -Vi er i ferd med å få svenske
gläsbygder, det tek berre så mykje lenger tid. Politikarane
seier ein ting, men gjer noko heilt anna. Det er seigpining av
norsk landbruk. Og Rotmo er pessimistiks på næringens vegne: -Det
er finnes lukkelege løysingar for norsk landbruk, seier
Verdals-karen.
I "Bønder i solnedgang" tek Rotmo oss nok ein gong med til ein
dal, men ikkje Vømmøldalen denne gongen. No går vi av på Spyet
stasjon, og køyrer opp Baksida så langt vegen går. Då kjem vi
til slutt til dei tre plassane Botn, Gørhenget og Sarvet. På
Botn bor Ola Botn, høvdingen i dalen. Han svergar til
sprøytemiddel, kunstgjødsel, maskinell drift, og sist, men ikkje
minst, subsidiar. Han kjøper jord og er veldig fornøgd. Han,
Digerhalsen og bror til Eddy Sarvet, datanerden Spretten, tek
seg med jamne mellomrom ein fylletur til fjells. På Gørhenget
bor Digerhalsen ("Digerhærsen" på trøndersk). Han heiter
eigentlig Magnus Gørhenget og overtok Gørhenget etter ei tante.
Han drakk seg frå ei framtid i militæret og inn i Helselaget på
eitt år! Digerhalsen driv utstrakt husflid etter
sjølvbergings-prinsippet, ved ein kjemisk foredling av sukker,
gjær og vatn. På ein av utfluktane til Helselaget trefte han ein
stakkars skapning utan vett, Slurpa. Ho er eit stakkars vesen
som kunne trengt litt omsorg her i livet, men får det motsette
av den forsofne Digerhalsen som sit med hagla over knea og les
pornoblad og pissar seg ut. Han skyt også freda vilt og sel til
oppkjøparar i Tyskland. Han har hatt lensmannen på nakken fordi
lensmannen oppdaga bjørneblod på traktortilhengjaren hans. Men
beviset var tynt, og Digerhalsen nekta villt, og lensmannen kom
ikkje noko veg. På denne garden er tragedien allereie eit
faktum. Eddy Sarvet har studert til biolog, og har tru på eit
grønt landbruk med mindre innsatsvarer. Han driv Sarvet no,
etter at foreldra vart drepne av tankbilen. Eddy er naturleg nok
ein torn i auget på Ola Botn. Eddy har fått seg ein kvinneleg
assistent som hjelper han med vitenskapelege forsøka. Men Sølvi
er tidlegare narkoman og treng skjerming. Ho innbiller seg at
bondenæringa som er skjerma med 112 tilskotsordningar er staden
for henne. Men det er det ikkje. Høghæla bydam som røyker
ferdigsigarettar er ein provokasjon som vekkjer noistalgi og
fordommar her oppe. Når Eddy no har latt Sølvi overta rommet til
Spretten, og kasta ut både han og data-utstyret, så er ho kome i
faresona på fleire vis. For Spretten er ein raring. Han hater
bygda så intenst at han flyktar ut på internett kvar dag. Rommet
hans ser ut som ein flysimulator.
Siste nytt er at Eddy har plassert Spretten som avløysar på
Gørhenget hos Digerhalsen. Det er ein rokering så grov at alt
her oppe vaklar no. Ola Botn prøver å rydde opp saman med sine
allierte i Ola Botns orkester: Tankbilsjåføren på Tine mjølk,
sorteringssjefen på Prior egg, disponenten på Felleskjøpet og
ordføraren i kommunen. Men Eddy er uredd og karakteriserer dette
orkesteret dette orkesteret som ein bygdemafia som står for all
ond landbrukspolitikk. Han har erklært at dei ein dag skal
brenne levande i helvete.
Lesarinnlegg mot stykket
Mange bønder føler seg såra over stykket, og det har dei gjeve
uttrykk for i avisene sine debatt-spalter. "Ein sit att med ein
mistanke om at Rotmo no spelar opp til den ringeakta mange
menneske kjenner i høve til bøndene som gruppe, skriv ein bonde
i Dag og Tid. "Vi bør flire og vere "sjølirioniske" slik
innvandrere bør le av tåpelige pakkis-vitser". "Det er ikke
vondt ment, som også Rotmo bedyrer. Nei vel. Men det gjør
vondt", skriv ein annan bonde. -Det rollefigurane seier og
meiner er ikkje det same som Rotmo meiner, seier trønderen til
sitt forsvar.
Til angrep mot trygd og subsidiar
Noko anna Rotmo set søkjelyset på i dette skodespelet, er trygd
og subsidiar. -Seinskader av trygd kjem til å bli eit nytt
ordhell. Det er mitt tips. Ein tredjedel av befolkninga går på
trygd. Tar vi med dei som lever av støtteordningar og subsidiar,
lever halvparten av oss på trygd. Kva er seinskadene av trygd,
spør Rotmo, og kjem med nokre forslag sjølv: -Subsidierar du
folket, subsidierar du samtidig folks livssyn, moral og
politiske haldningar. Ein som er trygda får inntrykka sine frå
Se og Hør. Dei utvikar eit subsidiert livssyn som over tid har
ført til at så mange røystar på Framstegspartiet, hevdar Rotmo.
Kort sagt har vi bygd opp eit velferdssamfunn med store skarar
på trygd, som igjen har ført til høgredreining og framandgjering.
-På femti år har vi gått frå å vere eit arbeidande folk med
arbeidartankegong til eit trygda folk med trygdetankegong. Trygd
er ein form for stimuli som liknar på dop, hevdar Rotmo: -Sjå på
tobakk, alkohol og trygd. Alt dette er OK i små dosar. Men
dersom du brukar tobakk i 20 år blir det utvikla seinskadar. Det
same gjeld for trygd. Først kjem avhengigheit. I neste fase kjem
kravmentaliteten. På det siste stadiet kjem umoralen inn hos den
enkelte. Overført til bonden si verd vil resultata av subsidiane
følgje same mønster: 1. Bonden er heilt avhengig av subsidiane
2. Bonden ser det som ein sjølvfølge å kreve meir jord i
jordbruksforhandlingane. 3. Over lang tid set umoralen inn hos
den enkelte. Dei har ikkje den minste ansvarsfølelse, skyt freda
vilt og brukar giftstoff over ein låg sko. -Mange bønder hatar
også den same staten som dei er heilt avhengig av. Det same er
det med dei som går på trygd. Dei er heilt avhengige av staten,
men krev billigare brennevin og bensin, og stemmer deretter. Det
betyr ikkje at folk er dumme, eg seier dei er framandgjorte,
seier Hans Rotmo.
Kjelder:
Nationen 16.09.00
"Hans Rotmo med skrujern": Bønder i solnedgang (Norske Gram AS)
- Kenneth
Anmeldelse
Romsdals Budstikke
Småbrukarlaget
Bonde i
soloppgang, Dag og tid
Dagbladet
Fredrikstad Blad
|