|
Hans Rotmo & Valley boys -
Løkka i livet

NOP LP 1821 (LP) - 1982
EKGCD 121 (CD) - 1998
Bilder: back
01. Sandnessjøen
02. Valley Boys
03. Tausa og drengen
04. Tilgi mæ og slepp mæ in
05. Elgeseter Bru
06. Løkka i livet
07. Maria Magdalena Margaritha
08. Beste guten
09. Døm itj mæ
10. Ettervern
11. Samba minutt
Omtale
Dette er vel kanskje den mest personlige og
alvorlige plata som Hans Rotmo har laga. Tekstane vart laga
under/etter ein skilsmisse i 1980. Det er ein del humoristiske
låtar, men òg ein del som er djupt personlege.
Samla sett er denne
plata noko annleis enn dei vanlege utgjevingane til Hans Rotmo.
Den er meir personleg og alvorleg. Vanlegvis er det litt fleire
”artisongar”, sjølv om også desse som regel har ein alvorleg
botn.
Men det er nettopp det personlege som gjer denne plata så
vakker. Her skriv Rotmo om seg sjølv, og om tunge motbakkar som
ein kan møte i livet. Plata inneheld fleire lyriske tekstar enn
det Rotmo til vanleg kjem med. Kort sagt er dette ein
interesant del av Rotmo sin karriere, som det er vel verdt å få
med seg.
Besetning
Hans Rotmo: Mandolin
Gunnar Pedersen: Gitar
Alf Erik Skille: Piano og trekkspill
Tor Evensen: El-bass
Knut Stensholm: Trommer
-Kenneth
|